Av og til er musikken i gang inne i hovudet allereie når ein les ein lista over kven som skal spele. Vi høyrer Nils Petter Molvær sin tone – norsk kulturarv. Ståle Storløkken gjer synthesizerar levande. Anja Lauvdal legg sjela i kvart anslag. Ole Morten Vågan og Thomas Strønen spelar opp mot kvarandre.
Vi treng eigentleg ikkje seie meir, eigentleg.
Men då desse fem av dei mest markante musikarane i norsk jazz gjekk på scena i lag under Vossajazz tidlegare i år, skjedde det visstnok noko heilt spesielt. Då Maria Kannegaard dessverre måtte avlyse konserten, var det dette bandet som fekk plassen. Navnet Inazuma er det japanske ordet for lynnedslag. Kannegaard hadde ein finger med i spelet når det kom til settlista, som mellom anna inneheld fleire av Marias låtar, og i følge kritikar Audun Vingers rapport frå konserten på Vossajazz var det «et historisk øyeblikk».
Med sterke musikalske individ, er det likevel ikkje snakk om å ta plass kvar for seg – dette er musikarar som lyttar seg inn i det kollektive spelet.
Kort sagt: Berre kom.
Besetning
- Nils Petter Molvær // trompet
- Ståle Storløkken // tangentar
- Anja Lauvdal // tangentar
- Ole Morten Vågan // bass
- Thomas Strønen // trommer