Building Instrument

Elektroakustisk knitregroove

Building Instrument
Foto: Linn Heidi Stokkedal
Lørdag 28. juni 18:00 Teltet
Bilde av Torkjell Hovland Tekst: Torkjell Hovland

Sjå for deg at du tømmer leikekassa som ligg på loftet til besteforeldra dine. I kassa ligg det leiker frå mange generasjonar – leikebilar, dukker, byggesett, halve togbaner og legofigurar utan hovud. Så set du saman alt dette til eit lite univers på golvet – Building Instrument er soundtracket.

Trioen med Mari Kvien Brunvoll, Åsmund Weltzien og Øyvind Hegg-Lunde har dei siste ti åra jamnt hausta gode kritikkar. Med den ofte ordlause songen, den leikande poesien, kom Building Instrument i 2014 inn med eit lydbilete som ikkje likna noko anna, og gjennom åra har dei utvikla det gjennom no fire album på Hubro. Og der Hubro på mange måtar kanskje har vore det viktigaste norske plateselskapet i jazz og omeign på 2000-talet, er Building Instrument kanskje det første eksempelet du viser fram frå katalogen deira.

Alle tre er å finne rundt omkring i ein haug med prosjekt, men i trioen høyrest det ut som dei har ein grenselaus leik der kva som helst kan skje. Åsmund Weltziens mystiske synthar er ofte vanskeleg å plassere om det er i det elektroniske eller det akustiske. Øyvind Hegg-Lunde kan få ein forsiktig finger på eit trommeskinn til å groove som om det var den villaste trommesirkel, og Kvien Brunvoll sit liksom inn i hovudet ditt å syng.

I år er dei ute med plata Månen, Armadillo, som baserer seg på eit tingingsverk til Ekkofestivalen i 2022, men dei kjem til Mandaljazz med nye og gamle låtar som alltid er opne for spontanitet og i organisk endring.

Kort sagt: Forvent deg å danse, gråte og le, kanskje utan å forstå kvifor – inni deg.

Besetning

  • Mari Kvien Brunvoll // vokal, klokkespel, siter, fløyte, perkusjon, elektronikk
  • Åsmund Weltzien // synthesizerar, elektronikk
  • Øyvind Hegg-Lunde // akustiske og elektroniske trommer, perkusjon, sampler, klokkespel, synthesizerar

Nyhetsbrev

Eirik med ropert, jazz

Generalsponsor

Hovedsponsorer

Sponsorer

Offentlig støtte

Samarbeidspartnere